Bug 2617 - Få am-shared ut av svn-koden for kvart språk
Summary: Få am-shared ut av svn-koden for kvart språk
Status: RESOLVED FIXED
Alias: None
Product: Infrastructure
Classification: Unclassified
Component: newinfra (show other bugs)
Version: unspecified
Hardware: All All
: P5 - Later normal
Assignee: Sjur Nørstebø Moshagen
URL:
Keywords:
Depends on: 2451
Blocks: 2613
  Show dependency treegraph
 
Reported: 2019-10-10 12:37 CEST by Sjur Nørstebø Moshagen
Modified: 2020-06-13 23:34 CEST (History)
4 users (show)

See Also:


Attachments

Note You need to log in before you can comment on or make changes to this bug.
Description Sjur Nørstebø Moshagen 2019-10-10 12:37:49 CEST
katalogen am-shared som ligg rett under rotkatalogen for kvart språk er eigentleg eit duplikat av data som ligg i giella-templates/langs-templates/und/. Vi har altså over 100 duplikat av ganske mange filer.

Samtidig så innbyr svn-lagringa til å sjekka inn lokale endringar, i filer som ikkje skal endrast lokalt.

Og i framtida (når/om vi flyttar til github eller eit liknande versjonskontrollsystem) så er alle duplikata berre ekstra ballast som vi ikkje treng dra med oss.

Målet er altså å fjerna denne katalogen frå svn, og i staden automatisk laga ei lenke eller på anna vis henta dei inn frå giella-templates - automatisk. Detaljane for korleis dette skal skje er enno opne, og kan diskuterast.

Ein annan ting som må diskuterast er korleis ein skal halda styr på versjonane i giella-templates, og sikra seg at alle språk får oppdateringane automatisk.
Comment 1 Sjur Nørstebø Moshagen 2019-10-10 12:39:45 CEST
Før vi kan gjera dette så må lusmelding #2451 ordnast.
Comment 2 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-05-05 13:29:13 CEST
Steg ein var ordna tidlegare (#2451 fiksa).

No er steg to på plass: eg har oppdatert ./autogen.sh til å anten finna og symlenka til giella-core og giella-shared, eller sjekka dei ut/klona dei om dei ikkje finst (i innsjekkingane 190568-190574).

Dermed er vi klare for tredje og siste steg: fjerna am-shared-katalogen. Dette er det best å gjera i samband med sjølve flyttinga, i og med at alle uansett må sjekka ut og køyra ./autogen.sh på nytt då. Så ved å venta til då vert det ingen ekstra avbrot for folk.
Comment 3 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-06-13 23:34:59 CEST
Gjort like etter flyttinga til GitHub.