Bug 2614 - Slå i hop src/morphology og src/phonology/
Summary: Slå i hop src/morphology og src/phonology/
Status: RESOLVED FIXED
Alias: None
Product: Infrastructure
Classification: Unclassified
Component: newinfra (show other bugs)
Version: unspecified
Hardware: All All
: P5 - Later normal
Assignee: Sjur Nørstebø Moshagen
URL:
Keywords:
Depends on: 2451
Blocks: 2613
  Show dependency treegraph
 
Reported: 2019-10-10 12:05 CEST by Sjur Nørstebø Moshagen
Modified: 2020-04-20 16:14 CEST (History)
4 users (show)

See Also:


Attachments

Note You need to log in before you can comment on or make changes to this bug.
Description Sjur Nørstebø Moshagen 2019-10-10 12:05:13 CEST
Sjølv om ein kan motivera å skilja dei to ut frå ei lingvistisk inndeling, så har det vist seg at skiljet er arbitrært i språkteknologisamanhang. Vanlegvis vil ein byggja ein modell for heile språket, og ikkje morfologi og fonologi (eller rettare den ortografiske representasjonen av fonologien) kvar for seg.

Ved å slå dei i hop blir det lettare for oss å samarbeida med andre, og det blir lettare for andre å forstå oppsettet vårt (trur vi).

Denne lusmeldinga er del av eit større omorganiseringsprosjekt.
Comment 1 Trond Trosterud 2020-03-29 13:02:00 CEST
Her må vi skilje mellom mappe og fil. Skiljet er knivskarpt mellom segmental (lexc) og suprasegmental handsaminga av fenomena. Med andre ord: Eit fenomen kan vli handsama på den eine eller andre måten, men dei to måtane har kvar sine filer. Likevel kan (og skal) vi ha dei i same mappe.
Comment 2 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-01 13:12:04 CEST
(In reply to Trond Trosterud from comment #1)
> Her må vi skilje mellom mappe og fil. Skiljet er knivskarpt mellom segmental
> (lexc) og suprasegmental handsaminga av fenomena. Med andre ord: Eit fenomen
> kan vli handsama på den eine eller andre måten, men dei to måtane har kvar
> sine filer. Likevel kan (og skal) vi ha dei i same mappe.

Eg pratar berre om mapper, ingen ting anna.
Comment 3 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-19 07:53:27 CEST
Fyrste del gjennomført med innsjekkingane 189805 og 189819-189825:

* Makefile.am har vorte kopiert til src/morphology/Makefile.modifications-phon.am
* $GTLANG-phon.[twolc|xfscript] har vorte kopiert til src/morphology/phonology.*

Bygginga har IKKJE vorte endra enno, det er framleis "originalane" i src/phonology/ som blir brukte.

Neste steg er å gjera nokre små endringar i src/morphology/Makefile.modifications-phon.am som truleg kjem til å føra til svn-konfliktar, dei må løysast før tredje steget som vil vera å endra bygginga til src/morphology/. Det fjerde og siste steget er å fjerna src/phonology/ etter at det er klårt at alt fungerer i src/morphology/.

Hovudgrunnen til å ta det i mange små steg er å sikra at bygginga fungerer heile tida, slik at ein ikkje får avbrot i produksjon eller uforståelege feilmeldingar for lingvistane.
Comment 4 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-20 12:49:54 CEST
Steg to er gjennomført i innsjekkingane: 189865, 189867-189871, 189875.

No er vi klare for å byta byggjekatalog!
Comment 5 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-20 13:25:48 CEST
Tredje steg må takast i to omgangar: sjølve fst-bygginga, og dokumentasjonsbygginga.

FST-bygginga vart lagt om i innsjekkingane 189902, 189904-189907, 189911, 189912.

DVS: DETTE ER DET STORE SKIFTET!

Frå og med no er den levande kjeldekoden i src/morphology/.
Comment 6 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-20 13:50:03 CEST
Dokumentbygginga endra i innsjekkingane: 189913-189919.
Comment 7 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-20 14:20:48 CEST
Etteropprydding etter dokumentasjonen er no sjekka inn: alle språk med eigen dokumentasjon for fonologifila har no fått oppdatert lenkje og filnamn i src/doc/.

For at ting skal bli heilt oppdatert, må ein byggja og sjekka inn dokumentasjonen ein gong, men det kjem automatisk etter kvart som folk byggjer, så det hoppar eg over no.
Comment 8 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-20 16:14:09 CEST
Fjerde og siste steg vart gjennomført med innsjekkingane 189939-189944, der eg sletta alle gamle src/phonology/-katalogar.

Det er framleis ting å gjera med den katalogen som står att:

- endra namn frå morphology/ til fst/
- flytta bygginga av deriverte fst-ar frå src/ til src/fst/ (og tilhøyrande filter/, orthography/, osb)
- endra namn på src/syntax/ til src/cg/

men desse punkta flyttar eg til ei eiga lusmelding.