I dei tilfella der grammatikkontrollen ikkje finn feil, men det opplagt er feil (dvs det finst ein diff mellom orig og reference), står det i dag berre: "No errors found" Men det gjer at vi ikkje ser skilnad på tilfelle der det ikkje er feil (dvs true negative), og der det faktisk er feil (false negative). Vi bør skilja på desse to, anten med bakgrunnsfarge eller eiga kolonne eller begge delar. Tilsvarande bør vi òg ha fargekode for false positive, dvs dei tilfella der grammatikkontrollen påstår at det er feil sjølv om det ikkje er det. Dette er den verste varianten, og bør koma fram både med farge og eiga kolonne. Dvs vi treng ei kolonne som kodar TP/FP/TN/FN, og som vi kan sortera på, slik at vi kan få alle FP samla. Vurderinga skal berre gjelda heile avsnittet, og seier ikkje noko om kvaliteten på feilfinninga og forslaga. Kriteria er berre: * er det skilnad på orig og ref? * påstår grammatikkontrollen at det er minst ein feil i avsnittet? Det er alt som trengst.
TP - skala frå grøn til oransj om gult, etter redigeringsavstand mellom referansesetninga og retta versjon frå grammatikkontrollen TN - ljos blå? FP - knall raud? FN - lilla?
(In reply to Sjur Nørstebø Moshagen from comment #1) > TP - skala frå grøn til oransj om gult, etter redigeringsavstand mellom Skalaen kan vera redigeringsavstand 0-20, og avstand over 20 får same farge som 20 (ein djup oransjefarge).
Fixed in langtech r180408