Bug 2613

Summary: Forenkla GiellaLT-infrastrukturen
Product: Infrastructure Reporter: Sjur Nørstebø Moshagen <sjur.n.moshagen>
Component: newinfraAssignee: Sjur Nørstebø Moshagen <sjur.n.moshagen>
Status: ASSIGNED ---    
Severity: normal CC: arppe, borre.gaup, chiara.argese, trond.trosterud
Priority: P5 - Later    
Version: unspecified   
Hardware: All   
OS: All   
Bug Depends on: 2615, 2655, 2658, 2660, 2614, 2616, 2617, 2654    
Bug Blocks:    

Description Sjur Nørstebø Moshagen 2019-10-10 11:59:32 CEST
Vi har i fleire omgangar diskutert å forenkla GiellaLT-infrastrukturen, i fyrste omgang katalogstrukturen. Lenger fram ser eg for meg at vi flyttar til github, men vi er ikkje klare for det enno.

Denne lusmeldinga er ei samlemelding for ulike andre lusmeldingar, for å kunna dela opp arbeidet i logiske bitar, og for lettare å kunna planleggja det.

Planen er altså denne:

1) slå i hop src/morphology/ og src/phonology/ (nytt namn er uklårt)
2) flytta alle testane frå det separate test/-dir-treet til eigne test-underkatalogar i kvar katalog som det gjeld (t.d. frå test/tools/spellcheckers/ til tools/spellcheckers/test/ (eller berre t/))
3) flata ut tools/-katalogtreet, slik at vi berre har to nivå (i hovudsak)
Comment 1 Sjur Nørstebø Moshagen 2019-10-10 12:11:41 CEST
Eit mogleg fjerde punkt kan vera:

4) skilja ut am-shared slik at dei ikkje blir sjekka inn i svn, men blir funne automatisk med autogen.sh

Tanken er dels å få dei vekk frå svn (det er svært mykje duplisert kode, sjølv om han blir handtert automatisk), og dels å førebu for ei framtid der kjeldekoden er meir modulær, og eventuelt ligg i eit anna versjonskontrollsystem.
Comment 2 Trond Trosterud 2020-04-01 12:54:57 CEST
(In reply to Sjur Nørstebø Moshagen from comment #0)
> 1) slå i hop src/morphology/ og src/phonology/ (nytt namn er uklårt)

src/morphophonology (?)
src/grammar (?)
Perhaps rather the first, as some people would include syntax in grammar.
Eventually also add the cg3 files, and put all three folders in the same one, and then under the name grammar.

> 2) flytta alle testane frå det separate test/-dir-treet til eigne
> test-underkatalogar i kvar katalog som det gjeld (t.d. frå
> test/tools/spellcheckers/ til tools/spellcheckers/test/ (eller berre t/))
Dette kan vere ok, ja.

> 3) flata ut tools/-katalogtreet, slik at vi berre har to nivå (i hovudsak)
Det blir nok litt fleire nivå, evt. må det bli fleire underkatalogar (t.d. må mt/ gje fleire nivå, evt. kan apertium-mt og cg-mt vere toppkatalogar, men det beste vil eg tru er å ha klåre, tematiske toppkatalogar, som "mt/"
Comment 3 Sjur Nørstebø Moshagen 2020-04-01 13:11:25 CEST
(In reply to Trond Trosterud from comment #2)
> (In reply to Sjur Nørstebø Moshagen from comment #0)
> > 1) slå i hop src/morphology/ og src/phonology/ (nytt namn er uklårt)

Sjå:

https://github.com/divvun/giellalt-svn2git/blob/master/doc/GiellaLTReorg.md