Dictionaries
Dei andre ordbøkene våre
Vi har to slag ordbøker: nettordbøker og integrerte (offline, lokale) ordbøker. Det fyrste slaget kan brukast for å slå opp ord over Internett, det andre slaget fungerer lokalt utan Internett, og i lag med andre program: du kan slå opp ord t.d. i nettlesaren din, berre ved å peike på ordet, og trykke nokre magiske tastar.
Alle ordbokstypene er under arbeid, enten teknisk eller innhaldsmessig. Fleire av dei er primært laga som terminologilister eller som input til maskinomsetjing, heller enn som ordinære ordbøker. Vi håpar at dei likevel kan vere til nytte. Attendemelding sett vi pris på. Her er ei liste over ordbøkene:
- risten.no (laga av Sametinget):
- Sametinget sin termbase (nord-, lule- og sørsamisk, finsk norsk og svensk)
- Mechanical terms (terms specific to mechanical work, in North, Lule and South Sámi, as well as in English, Finnish, Norwegian and Swedish)
- Nordsamisk - bokmål
- Nordsamisk - lulesamisk
- Kvensk - bokmål, bokmål - kvensk
- Meänkieli - svensk
- Grønlandsk - engelsk
- Komi - finsk, engelsk
Kjelder
Ordboka frå nordsamisk til norsk kviler på tre kjelder: Nils Jernslettens Álgosátnegirji, termbasen risten.no, og dei nordsamiske orda i Giellatekno sin analysator
Den nordsamisk-lulesamiske ordboka er eit resultat av konverteringsarbeid på Giellatekno.
Den grønlandsk-engelske ordboka er Schultz-Lorentzen si ordbok frå 1927, den er distribuert av Grønlands Sprognævn (Oqaasileriffik).
Den kvensk-norske ordboka er laga av Terje Aronsen, med tillegg av andre medarbeidarar på Kvensk institutt
Meänkieli-ordboka er Erling Wandes ordbok, vidareutvikla av Meänkieli-ordboksprosjektet, drive av Erling Wande, Birgitta Kvist, Märta Nylund og Trond Trosterud.
Komi-ordbøkene er laga av Jack Rueter.

