UIT The arctic university of Norway > Giellatekno
 

141205p

Møte 05.12.14

Til stades: Heli, Ryan, Trond

Saker:

  1. Felles system for russisk og nordsamisk
  2. gtoahpa-serveren
  3. Konteaksta inn i kursinnlogging
  4. Kvensk Oahpa
  5. Neste møte

Felles system for russisk og nordsamisk

Heli har vore i mailkontakt med Eduard Schaf. Han gjer framlegg om at i staden for å gjere systemet på basis av det Heli har laga tidlegare kan vi inkludere nordsamisk i hans system, som er basert på ein nyare versjon av view.

Etter heli si meining er dette bra: Systemet er fleirspråkleg, god t er raskare. Eduard har allereie lagt til russisk. Han er ein dyktig programmerar.

Derimot har vi ikkje diskutert kor systemet skal ligge. Vi vil at det skal ligge på Gt-servaren, eller i det minste i ein kopi.

Viss vi bruker det basert på Eduard sin versjon vil det vere lettare å få hjelp. I Tübingen bruker dei også svn, og vi har tilgang til VIEW-repositorium.

Heli ser no på Tübingen-systemet. Opne spörsmål:

  • Korleis skil det seg frå vårt,
  • Kor lett er det å integrere alt vi har gjort til no, osb.
  • Vil det bli vanskelegare med kursinnlogging med det nye systemet?

I dag bruker kursinnlogging cookie på same domene/subdomene. Det kunne også ha vore mogleg å implementere eit OAuth-system som kan fungere over ulike system.

1 cookie auth: cookie fungerar på *.oahpa.no
  view.oahpa.no
  konteaksta.oahpa.no (som berre er portal/adresse lokalt)
  -- omdiriger --> konteaksta.tubingen.de  

2
  view.oahpa.no
  konteaksta.oahpa.no (og ingen kjeldekode i Tübingen)

3 
  view.oahpa.no
  -- OAuth (eller liknande) --> konteaksta.tubingen.de  

4 
  Firefox-plugin på brukaren si eige maskin
  -- OAuth (eller liknande) --> konteaksta.oahpa.no (i Tromsø) 

Ryan: 1 er best, 3 og 4 (= OAuth) tar ein del tid.

Viss brukaren har Firefox-plugin i eigen maskin er 2 einaste alternativ.

Tre ulike spm:

  1. OAuth eller ikkje
  2. Ny eller gammal kjeldekode
  3. Kjeldekode i Tromsö eller Tübingen

OAuth eller ikkje

Ryan: Viss vi skal integrere fleire læringsprogram er cookies for avgrensa teknologi, Ryan går inn for OAuth.

Heli: Viss studentane ikkje får alternativet med Firefox-plugin kan studentane klare seg godt med cookies-varianten. Då blir det som dagens Konteaksta, berre med anna grensesnitt og kjappare.

Detmar har fortald at dei lagrar brukardata med hjelp av OpenID. Sett at det er slik.

Ryan og Heli ser nærare på denne e-posten, og vurderer til neste møte.

Ny eller gammal versjon av koden

Heli går rett og slett inn for ny.

Kjeldekode i Tromsø eller ikkje

Dette er mindre opplagt. Heli ser på det.

gtoahpa-serveren

Trond har fjerna inaktive brukarar og Ryan har laga icall-brukar. Heli har kopiert Konteaksta til gtoahpa, og det fungerer, rett nok med ei rar adresse.

oahpa.no:8200/teaksta

Portnummeret skal bort frå adressa via ei omdirigering.

Ryan har kopiert og implementert kursinnlogging til gtoahpa, har litt att av databasemigrering, og gjer det i dag.

Så står det berre att og følgje med om gtoahpa oppfører seg i framtida.

Heli: Konteaksta er langsamare på gtoahpa enn på gtlab. Hennar analyse er at NDS og oahpa.no er i så aktiv bruk at det dermed går saktare med Konteaksta her enn på gtlab.

Konklusjon: Vi ventar med å gjere noko til vi har Konteaksta med ny kjeldekode, og vurderer då.

Ryan kan finne ein plugin for LDAP til WordPress, men veit ikkje om det går like bra med Feide.

Konteaksta inn i kursinnlogging

submission API

Dokumentert, og sjekka inn, men ikkje lenka pent til heimesidene.

Trond tilrår denne sida

t.d. referanse til kode-i-kjelden t.d. inn her:

http://giellatekno.uit.no/ped/nudoc/konteaksta.html

Testing og implementeringa av konteaksta i kursinnlogging gtlab

Dette er ikkje gjort enno, det er for tidleg.

integrere fronterinnlogging med cookie for kursinnlogging

Jelene Larsen (Result): > ... som de fleste IT systemer ved UIT bruker Fronter FEIDE og LDAP for autentisering av brukere.

Så Fronter er irrelevant. Spørsmålet er kor mange som dett ut med FEIDE, om LDAP er bra nok som alternativ 2, eller om vi skal lage noko eige.

Tiltak:

  • Ryan les seg opp.

Kvensk Oahpa

Trond arbeider (vidare) med lokalisering.

Neste møte

Slutten av neste veke (v. 50) eller starten av veke 51. (Trond bortreist 10. og 12. og 11. etter 16.00, Heli kan ikkje 10.).

Klokkeslett: Optimalt tidspunkt er etter 1900.

Vi høyrer med dei andre og tar e-post-runde i neste veke.