Meeting_2018-08-21

Møte med Trond, 21.8.2018

Saker:

Samarbeid

NAV-møtet

Børre og Trond til stades. Trond har sendt ut ref frå møtet. Lista over ting som GT/DV skal/kan gjera verkar ok. Men framleis uklart kven som skal ta fram ny terminologi, og korleis. Børre vil ha ein god arbeidsflyt for alt som gjeld oss og terminologi.

Skoltesamisk, enaresamisk

Trond har vore i Enare, kort ref:

  • SD og sms-miljøet satsar på sms-revitalisering
  • sms-miljøet ved SD vil arbeida i lag med Jaska

tekstar til Aili

Vi må få tekstane ferdige. Frist til oss sjølv: fredag denne veka kl 12.

Internt admin:

Programmerarstilling - profil

Ulike profilar ordna i eit kontinuum

  • Serverar og prosessutvikling
  • Infrastruktur-programmerar
  • App-programmerar (Windows/Mac/Android/Iphone, ...)
  • Datalingvist
  • Datalingvist som kan samisk eller uralske språk
  • Datalingvist med fokus på taleteknologi / nevrale nett
  • ...

Tentativ ordning etter kva vi treng (og ingen andre gjer for oss)

  1. Datalingvist tekst vs. tale (strategisk diskusjon om dette)
  2. Infrastruktur-programmerar (autotools, make, cmake, osb) (ev kjøpe eksternt)
  3. App-programmerar (kjøpe eksternt)
  4. Serverar og prosessutvikling (IT-avd)

Diskusjonen har eigentleg ikkje starta. Endeleg profil på stillinga blir klar i haust etter interne diskusjonar.

Saker til hausten - kva skjer når

  • Tartu - 27.-29.9.
  • Sjur har undervising i lag med Jaska i Helsingfors - 30.10.-13.12.
  • Trond: Hfors 21.9., Oslo 27.9., London 9.-11.10, kanskje Syktyvkar 18.-22.10.
  • Giellatekno: Korp workshop Stockholm 16.-17.10.
  • Samisk symposium, Uleåborg - 28.-30.11.
  • maskinlæring m/Måns - fyrste eller andre veke i desember

Trond samlar alle relevante datoar for GT, slik at vi kan leggja Divvun-vekene då som alle er til stades.

Divvun-innkjøp, programmeringstenester

Utlysinga er no klar, på veg ut dei nærmaste dagane. 35 dagars minimum utlysingstid. Fastavtale for sørvis og vedlikehald, rammeavtale for resten. Gjev oss stor fleksibilitet til å gjera det vi vil når vi vil det.

Internt teknisk/fagleg

Endringar i grammatikkbygging

Nullstillinga ikkje komplett, fører til massive flettekonfliktar.

abbr-status

Ny preprosessering: vi pratar i lag når Linda er tilbake frå ferie.

servarar

Vi må ha store plåtelager for svn. Det må vera plass til å jobba med store tekstmengder. Vi må fylgja opp diskkusjonane vidare, og sjå til at alle nye serverar er på plass raskt.

Skriveverktyarbeid

Lingdys for samisk (dvs. av integrering av alle verkty vi har til skrivestøtte). Jf. Autshomato / OmegaT, som kan vere ein innfallsvinkel til dette. Ei slik oppgradering av OmegaT er ein del av innkjøpet til Divvun.