UIT The arctic university of Norway > Giellatekno
 

Meeting_2017-10-03

Sjur og Trond 4.10.17.

Saksliste

  • Orienteringssaker
  • Saker frå sist
  • Korpusinnsamling
  • Tastatur

Orienteringssaker

Sjur: Grammatikkontrollen: Vi får snart ein kommandolineversjon med ./configure --enable-grammarchecker (ikkje riktig enno).

Saker frå sist

  • TTS: Installering: det var problematisk med installering på studentmaskiner. Trond skriv e-post til BÁ og Sjur.
    • Trond har skrive Bz.
  • TTS på Android og iPhone: Kan inkludera stemmene våre i appar, kan ikkje brukast i Siri osb. Det er mogleg at Android er meir open enn iOS, og at det er mogleg å få stemmane inn i heile systemet. Det må undersøkjast.
    • Sjur ser på dette
  • Møterommet: Sjur har eit utkast om 14 dagar.
    • Sjur ser på dette så snart som råd.
  • Divvunveke 44, 45: Trond diskuterer med ungararane om Divvun-evaluering, om FinUgReVita-folket kan kome hit.
    • Trond ser på dette

Tastatur

Trond melde bug for smn. Det viser seg at saka ikkje er så ille:

  • Feilen låg i kjeldekoden (Trond hadde oppdatert mac og ikkje win)
  • Smn-tastaturet inneheld smn og ikkje sme. Men smn-pakka inneheld fleire tastaturoppsett, og default-oppsettet likna såpass på sme at Trond vart lurt

Framover for smn: Teste og deretter diskutere. Feil som ikkje er løyst: Namn på alternative enaresamiske tastatur. Sjur har funne feilen (åtvaring frå bygginga) og ser på det.

Korpusinnsamling

Liste over ting å følgje opp:

  • tråling (Børre) + også forhandle om å få .doc i staden for .pdf
  • Sametinget og kontraktar (Sjur)
  • konvertering (oppfølgjingsmøte om aktuelle problem) parallellisering -- onsdag denne veka?
  • Språkattkjenning: Alternativ til text_cat: jf. lysark frå Dublin + Jauhiainen x2. Trond har diskutert med Ciprian, som ser på dette. Trond diskuterer med Gt, Sjur med Divvun, vi tar møte over nettet med relevante personar for dei problemstillingane der vi må snakke saman (konvertering (.xsl), innsamling av .doc)

Oppfølgjing denne veka:

  • Onsdag: Møte om praktisk korpusarbeid med Børre (B, Risten, Lene, Trond, ev Sjur)
  • Onsdag eller torsdag: Møte om korpusinnsamling (Børre, Trond, Sjur, Lene)