UIT The arctic university of Norway > Giellatekno
 

Meeting2014-10-28

Divvun-møte

  • Til stades: Børre, Sandra, Sjur, Thomas, Tomi
  • Borte: Maja (sjuk)

Saker for resten av året:

  • talesyntesetesting
  • stavekontrolltesting, nye stavekontrollar og SLTC
  • mobiltastatur
  • oppdatert heimeside

Talesyntesetesting

Børre har laga Google-skjema for å vurdera stemmene. Skjemaet blir ferdig i dag, og vi legg ut lenke på Facebook.

Stavekontrolltesting, nye stavekontrollar og SLTC/NorWEST

Alle dreg som vil, Sandra, Sjur og Thomas har sagt ja.

Mål:

  • testbenk på plass før konferansen
  • nye stavekontrollar før jul
    • PLX (MS Word/Office)
    • Hfst (LibreOffice)
    • Hunspell (InDesign og alt anna)
  • orddeling i InDesign?

mobiltastatur

  • prototype for Android er på plass
  • iOS under arbeid
  • Sjur jobbar med å integrera dei i infrastrukturen vår

Mange smj-talarar vil bli meir glade for smj-tastatur (for datamaskiner) enn for ny stavekontroll! Det trengst Mac-tastatur, og god dokumentasjon for det tastaturet som finst i Windows i dag.

Oppdatert heimeside

  • oppdatert info om oss sjølve
  • tekst om normeringa av verktya - kven, kva og kvifor
  • fjerna gamal og utdatert info
  • betre organisering av nettstaden
  • dokumenter korleis ein skal setja opp tastatur for ulike samiske språk
  • dokumenter korleis ein set opp stavekontrollar for ulike program og samanhengar (nettlesarar = FB, osb)